- Skrevet av: Hege Ramseng
- Dato: 02.12.2016
- Skriv ut
Fram til bryggeriet stod klart, har bryggjar Jens Niemann testbrygga og produsert for salg på minibrygg i Grjotheim, og som leigebrygg på Tya i Årdal og Balder i Leikanger.
Lom bryggeri ynskjer å i størst mogleg grad kunne tilføre deira ølsortar innslag av lokal art i form av ingrediensar, historie, namn og natur. Dei ynskjer å bli oppfatta som eit kvalitetsbryggeri som brukar tradisjonelle bryggemetoder - slik det var gjort på kvar ein gard i tidlegare tider. Deira identitet er henta frå kyrkjeboka i Lom, da Lomb var brukt av danske og danskeskrivande embetsmenn i fleire hundre år.
Lom og Jotunheimen har utvikla seg til å bli ein kulinarisk hovudstad i Noreg med svært mange besøkjande frå inn- og utland. Lom bryggeri ynskjer å bidra på sin måte med å kunne tilby dei tilreisande lokalprodusert øl.