Baatbryggeriet ligg i hjartet av Møre og Romsdal. Omkransa av fager natur, fjord og fjell finn du dei på Vestnes.
- Skrevet av: Hege Ramseng
- Dato: 12.09.2018
- Skriv ut
Frå heimesida:
"Vi starta opp fyrste gongen tilbake i 2004. Vi var då blant dei første som satsa på flaskemodna øl i Noreg. Vi dreiv ølproduksjon i lokala til eit nedlagd vaskeri. Utstyret vårt var av den heimesnekra typen med utgangspunkt i gamle mjølketankar. Vi mista produksjonslokala, selde utstyret og i januar 2007 vart bryggeriet offisielt avvikla.
Etter 7 år i dvale var tida inne for å ta ein ny sjanse. Hausten 2014 blei Baatbryggeriet AS stifta. Nytt bryggeri vart bygd, bryggeverk og produksjonsutstyr vart kjøpt inn og installert. Dei gamle merkevarene våre, Styrbord og Babord kom tilbake i produksjon og var ute på marknaden i april 2016."